Eir og Jan Gunnar inviterer til operagalskap

Fredag 16. oktober blir det operagalskap i Operahuset Nordfjord, ei forrykande oppleving med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø.

Fredag 16. oktober blir det operagalskap i Operahuset Nordfjord, ei forrykande oppleving med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø. 

Kultur

Berre få dagar etter at Mannen frå La Mancha forlèt operahuset, er det duka for meir operamoro på operascena. Det skriv Operahuset Nordfjord i ei pressemelding.

Virtuost og ellevilt

«Operagalskap!» er ei forrykande konsertframsyning med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø, begge i fri utfalding. Saman presenterer dei eit vidfemnande og virtuost program med utgangspunkt i opera-livsverda. Dei byr på elleville påfunn og gnistrande samspel i ei framsyning med hovudvekt på opera.

Alle kjensler

Publikum blir også servert innslag av samtidsmusikk og country. Det heile er gjennomsyra av eit blendande klaverspel og stor stemmeprakt. Det sjangeroverskridande programmet vender seg til eit breitt publikum og er innom heile kjensleregisteret.

Sopranen Eir

Eir Inderhaug, fødd i 1974, er utdanna ved Rogaland Musikkonservatorium, Opera Akademiet i København og Kgl. Danske Musikkonservatorium i København. Sopranen vann NRK-talentiaden i 1991. Ho har hatt opera-, operette- og musikalroller i mellom anna Tyskland, Sverige og Belgia i tillegg til her heime ved Den Norske Opera og Ballett, Trøndelag Teater, Spelet om Heilag Olav på Stiklestad i tolv sesongar og Peer Gynt-stemnet. Hennar eiga framsyning «Jeg ER Lucia» i 2017 tok imot strålande kritikkar og terningkast seks.

Pianisten Jan Gunnar

Jan Gunnar Sørbø, fødd i 1982, er utdanna ved Høgskolen i Stavanger, Norges Musikkhøgskole, Musikkhøgskolen i Hannover og Barratt-Due musikkinstitutt. Pianisten har solistutdanninga og sin offisielle debut frå Syddanske Musikkonservatorium i Odense. Internasjonalt har han halde konsertar i Danmark, Sverige, Georgia, Frankrike og Tyskland. I Norge har han i tillegg til solokonsertar markert seg som ein framifrå kammermusikar og akkompagnatør i ei rekkje samanhengar.

Smittevern i høgsetet

Operahuset Nordfjord har fått god erfaring i å gjennomføre arrangement i koronatid.

– Vi gjer alt vi kan for å sikre publikum ei god og trygg kulturoppleving i samsvar med smittevernreglane, fortel operahusleiar og kultursjef Geir Holmen, som gler seg til å ta imot sopran, pianist og publikum.