Laurdag kan du øve deg på redesign med Julia som lærar

Saman med familien Har Julia Kröner Venø flytta til Venøy, der mannen hennar Bjørn Venø er frå. Laurdag arrangerer professoren i mote ein workshop i redesign i Seljestova.

Saman med familien Har Julia Kröner Venø flytta til Venøy, der mannen hennar Bjørn Venø er frå. Laurdag arrangerer professoren i mote ein workshop i redesign i Seljestova.   Foto: Bjørn Venø

Kultur

Kunstnarekteparet flytta heim i sommar og er no i gong med visjonen om å dele sin kreativitet og kunst.

Julia har derfor begynt å arrangere workshops i redesign på bakrommet i Seljestova. Neste workshop er laurdag 10. oktober, og på dette kurset skal ein lære å lage trykk på T-skjorter ved å skape sitt eige grafiske mønster.


På øya i havgapet har ein tysk professor i mote funne sitt paradis saman med kunstnarektemannen og barna

Kva gjer eigentleg at ein tysk professor, som har budd i München, London og Atlanta, og som saman med ektemannen har visjonar om å gjere kunsten tilgjengeleg for verda, slår seg ned på Venøy, ei lita øy i Stad kommune, med 25 innbyggarar? Her får du historia om korleis det hendte.


– Det gir deltakarane sjansen til å utforske si indre kreative stemme, som vi alle har, unge som gamle, mann som kvinne. Å ta ei gamal T-skjorte, som har mista all meining, som skal kastast, og skape nytt liv og ny meining, er ekstremt kraftfullt. Å bevisst ta valet om ikkje å kjøpe eit nytt plagg, med påtrykte, forutinntatte slagord, er eit steg i rett retning til å kome seg under overflata og ned i djupna, seier Julia.

Alt ein trenger å ta med er ei gamal T-skjorte i bomull, farge betyr ingenting.

– Og så må ein ha med positiv energi, smiler Julia, som fortel at ein skal bruke ein collage-teknikk for å skape det grafiske mønsteret som ein skal påføre T-skjorta.

Ein spennande ting ved denne workshopen er også at ein får sjå T-skjorta si visualisert gjennom ein 3D-software for klesdesign før ein tek steget og gjere designet permanent.