Inviterer til norgespremiere neste år

Ønskjer velkomen til ei reise jorda rundt

Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i 2021 vert operetten Jorden rundt på 80 dager av komponist Gisle Kverndokk og librettist Øystein Wiik med premiere 6. oktober.

Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i 2021 vert operetten Jorden rundt på 80 dager. Her nokre av dei lokale som var med på årets hovudproduksjon, Mannen frå La Mancha. F.v. Rune Balsnes, Simon Standal Pavelich, Asbjørn Hagen, Bård Stian Dalseth, Håvard Furnes, Paul Jacob Helgesen, operasjef Kari Standal Pavelich, dirigent Michael Pavelich og koreograf Candice Bredesen.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Operetten – eller musikalen, som ein også kan kalle den – var opprinneleg skriven som opera til opninga av Den Norske Opera i Bjørvika i 2008, men vart framført først i 2010. No er operaen omskriven og bearbeida til ein litt kortare versjon enn opera-originalen, og med delvis ny musikk og nokre nye roller.