Mai Elise er fredagsforfattar denne helga

Fredag inviterer Folkeakademiet Eid og Eid frivilligsentral til hyggeleg treff der Mai Elise Hammer er fredagsforfattar.

Fredag inviterer Folkeakademiet Eid og Eid frivilligsentral til hyggeleg treff der Mai Elise Hammer er fredagsforfattar.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Forfattar denne fredagen er lyrikaren Mai Elise Hammer. Ho er opprinneleg frå Berlevåg i Finnmark, men er no busett på Haugen i Stad kommune. Ho driv og «Poetry Night Nordfjordeid.» Den rykande ferske boka hennar, «Et kjent punkt mørket» er no ferdig og klar for presentasjon her hos oss, seier Svanhild Otterøy Lothe på vegner av arrangørane.

Som vanleg vert det sal av kake og kaffi.

– Vel møtt til trivelig helgestart på Kringla Eid Frivilligsentral. Programmet er ope for alle.