Klemmen som forsvann

Medan mange saknar å kunne gi ein god klem som eit «hyggeleg å sjå deg, lenge sidan sist», kom klemmeforbodet etter koronautbrotet som «ei nådegåve frå himmelens herskar» for andre.

Konge-klem: Therese Johaug med gulljakka får ein kongegod klem av kong Harald på kongetribunen etter at ho vann 30 kilometer fellesstart i 2011. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK  Foto: Lise Åserud

Kultur

«Og så, ut av det blå kom to meters regelen! Han trudde ikkje sine eigne øyre. Å, du salige frigjering! Folk vart bedne frå øvste hald om å oppføra seg skikkeleg. Han trudde det måtte vera ei nådegåve frå himmelens herskar.