Sjå elevane og Sølvi framføre aksjonssongen som skal spreie lys i annleisåret

Her kan du sjå og høyre songen «Lenke av lys» som er lagd av Sølvi Hopland Aemmer i samband med lysaksjonen.

Filming/redigering: Bjarne Eldevik

Kultur

Lysaksjonen inneheld i tillegg til musikkvideoen både ei lita førjulsgåve til alle husstandar i tidlegare Vågsøy kommune, ein adventskalender på dagsturhytta, ein adventspodkast på fjt.no, fire avslappingsvideoar frå Rutt-Lovise Sætren Strand, sosiale matpakketurar og sosiale julesamankomstar ved Torget på laurdagar – dersom været tillèt det.


Vil bringe lys, glede og julekort til folket gjennom lysaksjonen

Annleisåret 2020 nærmar seg slutten, og no ønsker Sølvi Hopland Aemmer og ei rekke andre eldsjeler i tidlegare Vågsøy kommune å skape eit lysglimt i folk sin kvardag gjennom ein lysaksjon.


Målet med lysaksjonen er å bringe lys i kvardagen på ein smittefri måte.

– Annleisåret 2020 nærmar seg slutten, og på grunn av koronaviruset forsvinn mange av tinga som normalt sett gir folket førjulsglede i år. For eksempel blir konsertar avlyste og sosiale samarkomstar blir avgrensa. Difor ville vi finne ein annan måte å skape glede på. Og gi folket noko å glede seg til, har Sølvi Hopland Aemmer tidlegare fortalt til Fjordenes Tidende.

Ikkje minst så har ho samarbeida med Fjordenes Tidende om adventspodkast-serien.

- Eg har fått ein fantastisk respons på podkastserien der det er ein ny person kvar dag i romjula. Det har vore supert å samarbeide med Fjordenes Tidende som har stilt studio til rådigheit og som publiserer podkastane, seier Sølvi.


Gir deg 24 portrett med lokale namn på fjt.no

Vil skape lys og varme i adventstida med ny podkast

I løpet av desember skal Sølvi Hopland Aemmer introdusere deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no.


– Det er mange frivillige og involverte som står bak dette prosjektet. Rutt-Lovise Sætren Strand og Trude Otneim er medplanleggarar, folkehelsekoordinator Birte Sandal Rikstad koordinerer lysaksjonen i lag med Thomas Hagen, og Frode Helgestad, Bent Gjørven, Stein Ove Bakke, Isak Søraa, tre barneskular og ein ungdomsskule er alle viktige delar av lysprosjektet.