Publikum kunne lene seg tilbake og nyte då Marita og Jon Inge baud på ei stemningsfull førjulsgåve

Rundt tretti tilhøyrarar fekk med seg førjulskonserten i Ervik kyrkje onsdag, fortel Sylvi Olsson, som er medlem av Ervik sokneråd.

Rundt tretti tilhøyrarar fekk med seg førjulskonserten i Ervik kyrkje, fortel Sylvi Olsson, som er medlem av Ervik sokneråd. Marita Nybakk frå Stadlandet song medan Jon Inge Sigerland spelte piano og orgel.  Foto: privat

Kultur

Konserten var soknerådet si førjulsgåve til dei som ønsker å nyte god song og musikk i ei elles travel tid.

– Og vi fekk noko av det beste, Marita Nybakk frå Stadlandet med sitt fabelaktige stemmeregister og Jon Inge Sigerland, organist i Stad kommune, med framifrå spel på piano og orgel, seier Olsson som har sendt oss ein omtale av konserten.

Ho fortel at publikum i nær ein og ein halv time, utan pause, kunne lene seg tilbake og nyte.

– Marita Nybakk presenterte nye og gamle julesongar enkelt, vakkert og med respekt for det tradisjonelle i songane. Ho førte oss inn i den klassiske verda med Ave Maria og Pie Jesu og til nye høgder med O helga natt og Joy to the world, og til kjenslevare Himlen i min favn og Betlehemsstjernen, seier Olsson, som fortel at konserten vart avslutta med eit lett strøk av jazz.

– Noko Marita meistrar til fulle, i Have yourself a merry little Christmas. Og heile tida støtta og akkompagnert av Jon Inge Sigerland.

Innimellom songane framførte Sigerland Impromptu og Nocturne av C Sinding, Etyde og Sketsj av A B Grøndahl.

– Dette er til dels kompliserte, men vakre pianoverk, og han spelte også dei leikande stykka Ding dong, merrily on high og Jingle Bells. Vi ventar det beste og får det beste når Jon Inge set seg ved piano og orgel, seer Olsson og legg til:

– Vi ser fram til nye konsertar med Marita og Jon Inge, etter koronaens tid.