Fekk du ikkje opna alle lukene? Her kan du høyre dei 24 adventspodkastane

I løpet av desember har Sølvi Hopland Aemmer introdusert deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no.

I løpet av desember har Sølvi Hopland Aemmer introdusert deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no. Her med Erling Wåge (t.v.) og Bjarne Eldevik.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kultur

– Eg fekk vondt av å tenke på at folk kanskje sat einsame heime og var redde for kva som skulle skje no. Kjem mine heim til jul, eller blir eg sittande aleine? Det går utover den psykiske helsa til for å vere bekymra. Dette fekk meg til å tenke på kva det er som gir lys i kvardagen. Det handlar om å ha noko lite å gle seg til og fellesskapet med andre. Men korleis skulle vi få til det utan å møtest fysisk, fortel Hopland Aemmer.


Gir deg 24 portrett med lokale namn på fjt.no

Vil skape lys og varme i adventstida med ny podkast

I løpet av desember skal Sølvi Hopland Aemmer introdusere deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no.


Resultatet av ideen vart «Det lyser i stille grender», ein podkast i 24 delar, som lar deg bli betre kjent med personar frå lokalmiljøet vårt. Podkasten har du fått servert på fjt.no kvar dag gjennom adventstida.

Podkasten er produsert i samarbeid med Fjordenes Tidende. Produsent er Sølvi Hopland Aemmer og Bjarne Eldevik har redigert episodane.

Her kan du høyre alle podkastane i serien