Har sett ny dato for framsyning med japansk dansar

Torsdag 7. januar skulle den japanske dansaren Yohei Hamada til Operahuset Nordfjord med si eiga danseframsyning, A Tail Holder. Grunna nye koronarestriksjonar er framsyninga no utsett, til 11. februar.

Torsdag 7. januar skulle den japanske dansaren Yohei Hamada til Operahuset Nordfjord med si eiga danseframsyning, A Tail Holder. Grunna nye koronarestriksjonar er framsyninga no utsett, til 11. februar.   Foto: Bozzo

Kultur

- Framsyninga A Tail Holder vart fyrste gong framført under Oktoberdans 2020. I framsyninga blir publikum invitert med inn på ein mørk og nordisk aften. I ein meditativ dans for menneskekroppen og med tradisjonelle japanske talglys på scena får publikum oppleve at tid og rom løyser seg opp. Hamada er nysgjerrig på korleis ulike element rører seg i naturen, slik som vatn og skyer, skriv operahuset i ei pressemelding.

Yohei Hamada har base i Bergen. Karrieren hans utvikla seg då han møtte koreografen Ryohei Kondo i 2009. Han opptrådde med Kondo i New York i 2011, samstundes som han studerte kunst og filosofi.

I Norge har han delteke i festivalar og dansearrangement som Oktoberdans 2018, Oslo biennale 2019, Frontlosjefestivalen 2020, Mind The Gap og Prøverommet. Han har også dansa i Danced Work In Progress av Spreafico Eckly, og har under koronatida jobba med sitt eige prosjekt kalla A dance of the day.