Departementet støttar dei med 5,8 millionar kroner

Opera Nordfjord har fått eit driftstilskot for det komande året på over 5,8 millionar kroner frå Kulturdepartementet.

Opera Nordfjord har fått eit driftstilskot for det komande året på over 5,8 millionar kroner frå Kulturdepartementet. Her frå Opera Nordfjord si oppsetting av Mannen frå La Mancha.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

Kulturinstitusjonar som mottar faste, årlege driftstilskot over Kulturdepartementet sitt budsjett har vore, og er, hardt råka av smitteverntiltaka under koronapandemien. Nedgang i aktivitet og publikumsbesøk og reduksjon i eigeninntekter påverkar Opera Nordfjord, heiter det i tilskotsbrevet.