Kulturhussjefen:

– Vi har vanlegvis ein planleggingshorisont på eitt år. Men no veit vi ikkje ein gong kva vi kan gjere om to veker

Operahuset Nordfjord har tatt konsekvensane av ny nedstenging og utsett nokre av framsyningane dei to neste vekene. Kulturhussjef Geir Holmen understrekar at dei frå dag til dag følgjer med på utviklinga for å avgjere kva som kan gjennomførast og ikkje. Han vedgår at det er svært uvant med den korte planleggingsfristen.

Operahuset Nordfjord har tatt konsekvensane av ny nedstenging og utsett nokre av framsyningane dei to neste vekene. Kulturhussjef Geir Holmen understrekar at dei frå dag til dag følgjer med på utviklinga for å avgjere kva som kan gjennomførast og ikkje. Han vedgår at det er svært uvant med den korte planleggingsfristen.   Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Det er litt uvant for oss, ja. Vi har vanlegvis ein planleggingshorisont på eitt år i forkant av eit arrangement. Men no veit vi ikkje ein gong kva vi kan gjere om to veker. Det er spennande dagar og ei heilt anna verd vi lever i akkurat no, seier Holmen, som håpar på aukande nomalisering etter kvart.