Barnegjetarar var også utbreidd i Sogn og Fjordane

Tusenvis av barn heilt ned i sjuårsalderen blei sende ut i skog og mark for å verne husdyra frå rovdyr og farar. Få brydde seg om korleis dei hadde det

Frå mellomalderen og heilt fram til mellomkrigstida blei tusenvis av barn heilt ned i sjuårsalderen sende ut i skog og mark for å verna husdyra frå rovdyr og andre farar. Få brydde seg om korleis dei hadde det. No er ei omfattande historie om barnegjetinga i Noreg samla i bokform.

Gjetargut: Det kvilte eit stort ansvar på gjetarbarna som blei sende av stad åleine i skog og fjell for å passa på husdyra. Her gjetarguten Tormod Trondsgård Sæteren på veg til Fjell-læret, setra til Trondsgård i Nord-Østerdalen. Biletet er teke i tidsrommet 1923-24.   Foto: Anno Musea i Nord-Østerdalen

Kultur

– På det meste var det 50.000 barn som gjette husdyr i Noreg. Dei hadde eit veldig stort ansvar. I dag ville mange vaksne ikkje greidd den same jobben, meiner forfattar Bernt Gjelsten frå Romsdal.