Musikklaget lar seg ikkje stoppe

Utset dansegallaen til hausten og set opp konsert i mars

Det har vore knytt spenning til om Måløy Musikklag ville arrangere den tradisjonsrike dansegallaen sin i mars. No har dei bestemt seg for å skubbe arrangementet til hausten, og heller gje publikum eit alternativt arrangement i mars.

Her frå konserten «Mot ljusare tider» som Måløy Musikklag arrangerte i Samfunnshallen 30. oktober.  Foto: Andreas Hellenes

Kultur

– Dansegallaen er eit stort og viktig arrangement for korpset. Arrangementet krev mykje planlegging og mange ressursar. Det er mange trådar som skal samlast når korps, band, solistar, dansarar, lyd og lys skal koordinerast, og dette tek tid. Med all usikkerheita som har vore rundt koronaen og kva som ville vere mogleg å få til av denne typen arrangement, har vi vurdert situasjonen slik at det ville vere umogleg for oss å arrangere Dansegallaen i ei slik form som Måløy Musikklag ønsker, seier leiaren i musikklaget, Kjell-Gunnar Tennebø, og held fram: