Som innbyggjar i dette fylket får du tilgang til over 7.000 tidsskrift og aviser frå heile verda

Som innbyggar i Kinn kommune og Vestland fylke har du no tilgang til over 7.000 aviser og tidsskrift frå heile verda. Men du må laste ned appen Pressreader for å få det til.

- For å få tilgang til appen på mobil og nettbrett, må du laste ned Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i sju dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. Grunna korona er denne tilgangen mellombels utvida til 60 dagar om gongen, seier Terje Heggheim.   Foto: Fjordenes Tidende

Kultur

Det er kommunedirektør Terje Heggheim som sprer den glade bodskapen i sitt fredagsbrev. Han er begeistra over moglegheitene dette gir.

- For å få tilgang til appen på mobil og nettbrett, må du laste ned Pressreader og kople deg på nettverket på biblioteket. Deretter har du full tilgang til PressReader i sju dagar – du må altså innom biblioteket kvar 7. dag for å få oppdatert tilgangen. Grunna korona er denne tilgangen mellombels utvida til 60 dagar om gongen, seier han.

Men ved å gjere dette får du altså lese all tekst i over 7000 tidsskrift og aviser frå heile verda.

- Det meiner vi er eit særs godt tilbod til alle, og kanskje spesielt til utanlandske bibliotekbrukarar, som arbeidsinnvandrarar og flyktningar.

I tillegg inneheld tenesta ei rekke norske aviser som Aftenposten, Dagbladet, Dagsavisen, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende med fleire.

- Slik vert dei store riks- og regionavisene tilgjengeleg for deg, og slik vert dei tilgjengeleg for biblioteka våre som elles måtte prioritere økonomien for å ha dei som eit tilbod til brukarane, seier Heggheim.