Skal koordinere pilegrimssatsinga frå Fensfjorden i sør til fylkesgrensa i nord

Kommunestyret i Stad har godkjent framlagt avtale om organisering av regionalt pilegrimsenter Selje.

Kommunestyret i Stad har godkjent framlagt avtale om organisering av regionalt pilegrimsenter Selje. Her rådgjevar Gerd Fløde Bjørlo i Stad kommune.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kultur

Regionalt pilegrimssenter Selje er eitt av fire kystpilegrimssenter langs kystpilegrimsleia som går frå Egersund til Trondheim. Dei andre er Avaldsnes, Bergen og Smøla. Til kvart kystpilegrimssenter ligg eit utval av nøkkelstader.