Bli med på ei alternativ kunstoppleving i spektakulære omgjevnadar

Ei ny gruppering av kunstnarar frå dei ytre delane av Stad kommune kjem no til å sette sitt preg på regionen i tida framover. Første smakebit fekk seljeværingane denne helga.
Kultur

Grupperinga av kunstnarar som enkelt og greitt kallar seg for «YTRE» vil annankvar søndag framover møtast for å diskutere korleis dei kan bidra til å spreie kultur ut til folket i regionen.