Nytt kunstnarfellesskap i ytre vil dele både kunsten og diskusjonen om den med folket

Ei ny gruppering av kunstnarar og artistar i ytre delar av Stad kommune, går no saman for å dele sine kreative tankar og idear med kvarandre. I tillegg gjer samhaldet til at dei enklare kan dele dei ulike kunstformer ut til innbyggjarane rundt seg.

Samlar seg om kunsten: Anita Eide, Julia Kröner Venø, Turid Haye, Gerd Endestad, Karina Siegmund, Bjørn Venø og Jone Skjensvold utgjer i tillegg til Peter-John De Villiers og Sunniva Djupedal, grupperinga av kunstnarar i «YTRE».  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Kultur

Grupperinga av kunstnarar, som enkelt og greitt kallar seg for «YTRE», har annankvar søndag i lengre tid møttest for å diskutere korleis dei kan bidra til å skape dialog og merksemd rundt kunst og kultur i regionen.