Historielaget gir ut ny bok av Karl Egil Johansen

– For første gong har ein samla heile historia om pigghåfisket mellom to permar

Vågsøy Historielag er i februar klar med ny bok. Boka heiter Pigghåeventyret – frå ufisk til ettertrakta eksportvare, og er skriven av professor emeritus Karl Egil Johansen frå Raudeberg.

Vågsøy Historielag er i februar klar med ny bok. Boka heiter Pigghåeventyret – frå ufisk til ettertrakta eksportvare, og er skriven av professor emeritus Karl Egil Johansen frå Raudeberg.  Foto: Bokomslaget

Kultur

– I all hovudsak er dette historia om pigghåfisket på Vestlandet frå cirka 1910 fram mot slutten av 1970-talet. Skarpast fokus ligg på tida etter 1945, men vi får òg vite at denne fisken vart fanga og konsumert allereie på 1600-talet. Dessutan får pigghåens utbreiing og biologi sin rettmessige plass i framstillinga, seier Bjørn Eide, leiar i Vågsøy Historielag.