Følg prisutdelinga: Kven blir årets artist?

I kveld er det endeleg klart for utdeling av Luttprisane til årets artist, årets nykommar og årets bakomperson frå Sogn og Fjordane. Her kan du følge prisutdelinga frå klokka 20.03.
Kultur

Luttprisen pleier å bli delt ut under store musikkfestar. I fjor var det fullt hus med rundt 600 i salen på Larris scene i Førde. Målet var å lage ein enno større fest i år. Men slik kan det naturlegvis ikkje bli. I staden går Luttprisen i kveld utan ein einaste publikumar i den store og tomme konsertsalen.

Finalistane til Luttprisen som årets artist er Eva Weel Skram, Tungevaag, Odd Einar Nordheim, Odd-Erik Lothe, Alexander Pavelich, Erlend Apneseth, Sissel Marie, Oselie, Tyyl! Og SOFIA. Finalistane til årets nykommar er Vêrfast, Troys, Heatwaves, I See Rivers og Siri Byrkjedal.

I tillegg vert Luttprisen til årets bakom-person delt ut i kveld. Den går til ein person som har engasjert seg ekstra for artistane i regionen.

Det er ein stor publikumsjury med tusenvis av røyster, samt ein stor fagjury som bestemmer kven som får prisane.