Trur dei 100 billettane vil forsvinne raskt

– Det er lenge sidan vi har hatt konsert for denne aldersgruppa, så det er veldig kjekt å kunne invitere dei igjen

13. mars er det klart for konsert med Vidar Villa i Nordfjordhallen.

13. mars er det klart for konsert med Vidar Villa i Nordfjordhallen.  Foto: Jon Maximilian

Kultur

– Det er lenge sidan vi har hatt konsert for dei mellom 18 og 40 år, så det er kjekt å kunne invitere dei igjen, seier arenaleiar Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen.

Og sjølv om det blir ein festkveld legg koronapandemien nokre avgrensingar på arrangementet.

– Med dei nye reglane frå myndigheitene kan vi berre selje 100 billettar, så her er det førstemann til mølla når vi legg ut billettane fredag, seier Totland.


Desse karane slo tv-kjendisen i konkurransen på scena: – Vi hadde ingen strategi, vi berre trakka på!

Kulturåret er i gang i Nordfjordhallen i Måløy. Denne helga var det duka for at både vaksne og born skulle få trekke på smilebandet med høvesvis standup-komikar Ørjan Burøe laurdag, og showet Barn Ingen Adgang på søndag.


I kantina blir det også sal av mat og drikkevarer før konserten startar, og også her står smitteverntiltaka sentralt.

– Det blir ein fest med dei koronatiltaka vi har, så det blir ein «sitte-konsert», opplyser Totland.

Å arrangere denne typen konsert for 100 personar hadde ikkje vore lønsamt for Nordfjordhallen, men no er det artisten og bandet som har leigd huset, og så blir dei kompensert gjennom regjeringa sine stimuleringsmidlar.

– Utan denne ordninga kunne vi ikkje arrangert noko no, seier Totland.