2020-programmet blir skubba til 2022, men arrangørane lovar ei helg med liv og røre

Kalvåg kystfestival hadde fram til førre veke planar om å arrangere ein fullskala festival i august. Men mutert virus og stigande smittetrend set ein stoppar for planane.

Sjef for Kalvåg kystfestival, Jannike Brenden Frøyen (t.v.), fortel at ein ønskte å gjennomføre Kalvåg kystvfestival som vanleg i år, men at arrangørane no ser at det ikkje lar seg gjere. Her frå fjorårets liv og røre-helg i Kalvåg. Karin Andal (nr. 2 f.v.), leiar Bjarne Pedersen, Arvid Smedvik og Henry Nøttingnes.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Vi har innsett at med dei restriksjonane vi har i dag har vi fleire programpostar som blir vanskelege å gjennomføre, fortel sjef for Kalvåg kystfestival, Jannike Brenden Frøyen.