Elevane fekk leve gjennom historia slik familiar over heile landet opplevde krigskvardagen

– Det er veldig kjekt å sjå kor elevane kosar seg med dette, seier lærarane ved Vågsøy ungdomsskole som har stått bak prosjektveka der ein har tatt for seg andre verdskrig og krigshistoria.

Adrian, Patrick, Noah, Jesper, Trine, Ellie, Vanessa og Renate syns det er kjekt å jobbe med temaveke, for då lærer dei om viktige historiske hendingar på ein praktisk måte.  Foto: Vågsøy ungdomsskole

Kultur

Elevane ved niande trinnet har nyleg hatt historisk veke med tema andre verdskrig. Her blei elevane delt inn i ulike familiar, fekk utdelt familienamn og kor i Norge dei kom frå.