For første gang gir ho ut andre artistar sin musikk på plateselskapet ho har hatt i 25 år

19. mars gir songar og låtskrivar Stine Karin Sæle ut sin første EP. Plateselskapet til artisten er eigd av fyrvert Sølvi Hopland Aemmer ved Ulvesund fyr.

I 25 år har Sølvi Hopland Aemmer gitt ut musikk på sitt eget plateselskap Gilead. No slipper hun til artisten Stine Karin Sæle.   Foto: Louise Nygaard

Kultur

– Stine Karin kom til fyret med ei pilegrimsgruppe som Kari Leine Balog hadde med i juni 2020 og eg høyrde henne synge og anbefalte å gje ut songane. Seint i haust kom eg på at kanskje eg kunne gje det ut på mitt eige plateselskap, der eg i 25 år berre har gitt ut mitt. Og sånn blei det. No er tre låtar ut, og fysisk plate er i trykken, fortel Hopland Aemmer.


Tone og Sølvi fekk kommunen sine prisar for kultur og mangfald

Tone Andal og Sølvi Helen Hopland Aemmer er vinnarar av Kinn kommune sine prisar for kultur og mangfald.


I tillegg til å bli inspirert av eigen og andre sine historier tar Sæle i bruk salmar og historier frå Bibelen for å sette ord på livet sine opp- og nedturar. Ho ønsker å formidle at det finst håp og lys, sjølv i dei mest mørklagde krokar av livet.

– Denne bodskapen trengst, ikkje minst i ei tid prega av usikkerheit og uro, heiter det i ei pressemelding.


Fekk du ikkje opna alle lukene? Her kan du høyre dei 24 adventspodkastane

I løpet av desember har Sølvi Hopland Aemmer introdusert deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no.


Vestlandsartisten sine tekstar får utfolde seg i eit indiepop-landskap med innslag av rock, vise og jazz. «Ropet & håpet» er spelt inn i Vålerenga Platefabrikk med produsent Ole Kolbjørn Osøien. Musikken blir gitt ut av Gilead ved Sølvi Helen Hopland Aemmer.