Kven er du?

Sølvi reiser rundt og lar deg bli kjent med fem nye menneske og deira historier i årets påskepodkast på fjt.no

Sølvi Hopland Aemmer inntar igjen rolla som podkastvert og reiser rundt og stiller spørsmålet «kven er du?».

Sølvi Hopland Aemmer har laga ein ny podkastserie der du blir kjent med fem nye menneske og deira historier. Podkasten får du på fjt.no.   Foto: Bjarne Eldevik

Kultur

Dette har resultert i ein oppfølgar til podkastserien «Det lyser i stille grender» som vart presentert på fjt.no i desember.

Hopland Aemmer har denne gongen vore rundt og møtt fleire menneske, for å by på ein slags møteplass i påska.

– Mange saknar menneskemøte. Ønsket er at podkastane skal motverke einsemd, og skape kjensla av samhald og glede, fortel podkastverten.


Fekk du ikkje opna alle lukene? Her kan du høyre dei 24 adventspodkastane

I løpet av desember har Sølvi Hopland Aemmer introdusert deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no.


Påskepodkastane er laga over same lest som adventspodkastane, men med fokus på påske. Det er fem ulike gjester som fortel kven dei er, og som enten syng sjølv, ønsker seg ein song, eller tilbyr pianoet sitt til podkastverten.

Denne gongen har podkastane blitt tekne opp heime hjå folk, eller ute i felten. Det er teke utgangspunkt i dei aktuelle påskedagane med val av gjest og samtaleemne.

– Det spelast gjerne på instrument som er der vi finn oss under opptaket, legg Hopland Aemmer til.


Tone og Sølvi fekk kommunen sine prisar for kultur og mangfald

Tone Andal og Sølvi Helen Hopland Aemmer er vinnarar av Kinn kommune sine prisar for kultur og mangfald.


Første podkast blir lagt ut, open for alle, på fjt.no palmesøndag. Deretter blir det lagt ut nye podkastar skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan og 1. påskedag.

Bjarne Eldevik har redigert programma.


Her kan du høyre podkastane med dei fire ordførarane

I romjula har Fjordenes Tidende presentert ein romjulsprat med alle våre fire ordførarar.