Vekk med teikneblyanter, malepenslar, papir og viskelær! Her skal det modellerast!

Av og til må ein kaste penslar og blyantar vekk og bruke kroppen sine eigne verktøy – fingrane – til å forme kunst, meiner kulturskulelærar ved Kinn kulturskule, avdeling Måløy, Gerd Endestad.

Gruppe Kittelsen med leirefigurane sine. Viktoria M. Mortensen (t.v.), Cornelia Barmen, Amanda Husevåg, Brage Andal Lysne, Amandus Barmen og Aron Otneim Oxlund.  Foto: Kinn kulturskule

Kultur

– Ved å bygge på og trykke inn kan ein forme fram detaljar som nase, munn, auge og hår. Litt ekstra hjelp får ein til dei minste detaljane ved å bruke tilpassa trepinnar, fortel ho.