Bli med på konsert

Jørn er første artist ut på Sølvi si fyrscene og på fjt.no

Fyrvert Sølvi Hopland Aemmer ønskjer å gje artistar som skriv eigen musikk ei scene på Ulvesund fyr og digitalt. I tillegg til ein liten konsert blir det også eit portrett der ein kan bli betre kjent med artisten. Praten og konserten får du på fjt.no.

Jørn Trollebø er først ut på fyrscena. Praten mellom han og fyrvert Sølvi Hopland Aemmer og konserten blir sendt på fjt.no onsdag.  Foto: Sølvi Hopland Aemmer

Kultur

– Denne gongen er det ikkje berre «radio», men også eit nytt konsept med video-portrett frå fyret, med tittelen «Møtast på fyret». Her er det artistar som skriv eigen musikk som er inviterte, og fyrst ut er Jørn Trollebø Kvalheim, forklarar Hopland Aemmer.


Kven er du?

Sølvi reiser rundt og lar deg bli kjent med fem nye menneske og deira historier i årets påskepodkast på fjt.no

Sølvi Hopland Aemmer inntar igjen rolla som podkastvert og reiser rundt og stiller spørsmålet «kven er du?».


I tillegg til å få fortelje kven han er, får Trollebø også invitere ein liten kohort som får vere med på fyret og høyre han synge. Dette får du også vere med på på fjt.no komande onsdag.

– Dei kosar seg med konsert, kaffi og kanelbollar, og Jørn syng seg varm ved vedomnen. I konserten syng Jørn både eigne songar og ønskesongar frå kohorten, fortel Hopland Aemmer.


Fekk du ikkje opna alle lukene? Her kan du høyre dei 24 adventspodkastane

I løpet av desember har Sølvi Hopland Aemmer introdusert deg til 24 lokale personar gjennom podkasten «Det lyser i stille grender» på fjt.no.


Programmet er det første i ein serie, der artistar i tur og orden får vere gjest, og programma delast etter kvart som dei blir ferdige.

Daniel Færestrand Haugen i Frequency har filma og redigert. Geir Kråkenes tek seg av lyden på konserten.