Påskepodkast: «Kven er du?»

Andrej kom til Måløy i 2013. I dag snakkar han nordfjorddialekt, kjenner seg integrert og glad og er sjef i eit lokalt byggfirma

Det var ingen som vifta med palmegreiner då Andrej Brosdeano kom til Norge.

  Foto: Sølvi Hopland Aemmer

Kultur

Brosdeano er fødd i 1989 i Romania, er utdanna ingeniør, og kom til Måløy ilag med kjærasten sin i 2013. Straks etter at dei hadde busett seg her, sette dei i gang å lære norsk. No snakkar han nordfjorddialekt, og kjenner seg integrert og glad. Og no, etter mykje hardt arbeid, er han sjef i DVI Services.

I dag har kjærasten blitt kona, og dei har fått ein son. Andrej kosar seg med snekring også på fritida.



Når det kjem til dei krevande tidene livet byr på, har han den filosofien at ein må puste djupt og sjå framover om noko buttar imot.

Påskefeiringa han vaks opp med er ikkje ulik slik vi feirar påske i Norge. Dei har litt fleire tradisjonar med farging og dekorering av egg, og ikkje eigne påskesalmar, slik vi har, men elles kjenner han seg heime i den norske påska.

«Gutane hans», som han seier, har nettopp skifta kjøkenglaset på fyret, på oppdrag frå Kystverket, og Andrej fekk sitje der og vere podkastgjest før han leverte nøkkelen.

Podcastvert er Sølvi Hopland Aemmer og redigering er gjort av Bjarne Eldevik.