Gjekk til topps i fotokonkurranse

Fjordenes Tidende har trekt ut tre heldige vinnarar i vårens fotokonkurranse #fjtvår. Vinnaren av ei påskeoverrasking frå lokalavisa er Trude F. Kvamme frå Selje.

Blinkskot: «Våren venter vi på» har Trude F. Kvamme frå Selje skrive om dette biletet som gjekk heilt til topps i Fjordenes Tidende sin fotokonkurranse denne våren. Har du bilete du vil dele med Fjordenes Tidende kan du merke dei med #fjtno på Instagram eller sende dei inn til fjt@fjt.no. 

Kultur

Vi i Fjordenes Tidende bad tidlegare denne månaden lesarane om å dele vårstemning med lokalavisa på #fjtvår eller fjt@fjt.no. Det er det mange som har gjort, og no har vi trekt ein vinnar av ei påskeoverrasking. Den heldige vinnaren er Trude F. Kvamme frå Selje, som har sendt inn biletet du ser øvst i denne saka.

Trude har skrive «Våren venter vi på» som bildetekst til dette blinkskotet.

Vi har også plukka ut to vinnarar til som får Fjordenes Tidende sitt nye handlenett.

Desse to er Eli Thelen Sjåstad og Tore Nesbakk. Førstnemnde har sendt inn bilete av geiter i Ervik. Under biletet, som Eli har merkt med #fjtvår på Instagram, har ho skrive «Alle killebukkene på haugen spratt».

Tore Nesbakk har også merkt eit bilete på Instagram med #fjtvår. Biletet viser at naturen er verdas beste leikeplass.

Har du bilete du vil dele med Fjordenes Tidende kan du merke dei med #fjtno på Instagram eller sende dei inn til fjt@fjt.no.