Kva seier god påske meir enn ein flott påskepastell?

Etter ein lang vinter kjem påska med vårstemning og glade fargar. Og elevane ved Kinn Kulturskule avdeling Måløy sette verkeleg pris på å få slå seg lause i fargeverda igjen.

Her har Mia M. Gotteberg teikna ein påskekylling som storkosar seg med masse påskeegg.  Foto: Kinn Kulturskule

Kultur

– Tørrpastellteknikken er ypparleg til å lage fargesterke utrykk, og ein får enkelt til nydelege overgangar i fargetonane, seier lærar Gerd Endestad, som koste seg saman med elevane då det var tid for å skape påskestemnng på kulturskulen.