Her kan du sitte på fremste rad når Jørn spelar opp til konsert på fyret

I dette programmet får du høyre Jørn Trollebø Kvalheim fortelje om kven han er og korleis kvardagen hans ser ut, og du får vere med på kohortkonsert, der han syng fleire av sine eigne songar, og nokre coverlåtar.

Kultur

Fyrvert Sølvi Hopland Aemmer ønskjer å gje artistar som skriv eigen musikk ei scene på Ulvesund fyr og digitalt. I tillegg til ein liten konsert blir det også eit portrett der ein kan bli betre kjent med artisten.

Tittelen på den nye serien er «Møtast på fyret». Her er det artistar som skriv eigen musikk som er inviterte, og fyrst ut er Jørn Trollebø Kvalheim. I tillegg til å få fortelje kven han er, får han også invitere ein liten kohort som får vere med på fyret og høyre han synge. Dei kosar seg med konsert, kaffi og kanelbollar, og Jørn syng seg varm ved vedomnen.


Kven er du?

Sølvi reiser rundt og lar deg bli kjent med fem nye menneske og deira historier i årets påskepodkast på fjt.no

Sølvi Hopland Aemmer inntar igjen rolla som podkastvert og reiser rundt og stiller spørsmålet «kven er du?».


I konserten syng Jørn både eigne songar og ønskesongar frå kohorten. Programmet er det fyrste i ein serie, der artistar i tur og orden får vere gjest, og programma delast etter kvart som dei blir ferdige.

Daniel Færestrand Haugen i Frequency har filma og redigert. Geir Kråkenes tek seg av lyden på konserten.


Påskepodkast: «Kven er du?»

Andrej kom til Måløy i 2013. I dag snakkar han nordfjorddialekt, kjenner seg integrert og glad og er sjef i eit lokalt byggfirma

Det var ingen som vifta med palmegreiner då Andrej Brosdeano kom til Norge.