Påskepodkast: Kven er du?

– Vi får høyre kva som driv Geir, kva han kjempar for, og kva han håpar å bli hugsa for

Skjærtorsdag, ein dag kjend for svik. Venner som ikkje vågar å stå opp for sin venn og for det dei kjenner er rett.

  Foto: Sølvi Hopland Aemmer

Kultur

Ein som er kjend for sitt lange politiske virke og si klare stemme, er Geir Oldeide, som er leiar i Rødt.

Utanfrå ser det ut som politikk handlar mykje om usemjer, brotne løfter og svik. Korleis ser Geir Oldeide på dette, og kven er han når han ikkje er politikar?

Her kan du høyre samtalen:



På besøk i loftsstova i Holvik får vi høyre favorittgitaren hans, høyre meiningane og synspunkta hans, og vi får høyre han synge og spele ei av sine favorittviser.

Vi drøftar ord som svik, nåde, forsoning. Vi får høyre kva som driv Geir, kva han kjempar for, og kva han håpar å bli hugsa for.

Han meiner at ein kan samarbeide godt trass store usemjer, at alle menneske gjer feil, og at alle fortener ein ny sjanse.


Påskepodkast: «Kven er du?»

Andrej kom til Måløy i 2013. I dag snakkar han nordfjorddialekt, kjenner seg integrert og glad og er sjef i eit lokalt byggfirma

Det var ingen som vifta med palmegreiner då Andrej Brosdeano kom til Norge.


Podkastvert er Sølvi Hopland Aemmer og redigering er gjort av Bjarne Eldevik.


Kven er du?

Sølvi reiser rundt og lar deg bli kjent med fem nye menneske og deira historier i årets påskepodkast på fjt.no

Sølvi Hopland Aemmer inntar igjen rolla som podkastvert og reiser rundt og stiller spørsmålet «kven er du?».