Er samfunnsfag, krim eller land i Afrika din kategori? Her kan du prøve deg på Fjordenes Tidende sine påskenøtter

Per-Magne Løken er fast leverandør av Det spørst-spalta i Fjordenes Tidende. Han er lærar, quiz-entusiast og kvalifiserte seg mellom anna til Sogn og Fjordane sitt lag i QuizDan på NRK1 i 2013. Han kjem frå Haugen i Stad, men bur i Måløy.  

Kultur

Samfunnsfag

1. Kor mange parti er representerte på Stortinget?
2. Kva offentleg embete har som rolle å bidra til å løyse interessetvister mellom partane i arbeidslivet?
3. I samfunnsforsking er det to metodiske hovudtilnærmingar. Den eine er kvalitativ metode. Kva er den andre?
4. Kva er den kriminelle lågalderen i Noreg?
5. Kva tittel har dommaren som leiar Høgsterett i Noreg?

Svar: 1. Ni 2. Riksmeklaren 3. Kvantitativ metode 4. 15 år 5. Høgsterettsjustitiarius

Påske

1. Kven ga ut songen «Påsketur» i 1984?
2. I kva land fann det såkalla Påskeopprøret stad i 1916?
3. Frå kva salme stammar dette utdraget: «…den har oss givet lyset og livet, lyset og livet i dagning blid.»?
4. Kva heiter gata som Jesus bar korset gjennom og som betyr «smertens veg» på latin?
5. Kva dag døydde Jesus på korset?

Svar: 1. Øystein Sunde 2. Irland 3. Påskemorgen slukker sorgen 4. Via Dolorosa 5. Langfredag

Krim

1. Kven skreiv romanen Spionen som kom inn fra kulden?
2. Kva land kjem paret som skriv under pseudonymet Lars Kepler frå?
3. Kven skreiv romanane Nålen og Rebecca-koden?
4. Kva heiter hovudpersonen i romanen Hunden fra Baskerville?
5. Kven skriv krimromanar om den tidlegare politimannen Van Veeteren?

Svar: 1. John le Carré 2. Sverige 3. Ken Follett 4. Sherlock Holmes 5. Håkan Nesser

Nøtter

1. Kva nøtter høyrer med i ein Waldorfsalat?
2. Kva nøtter blir brukte i sjokoladen Firkløver?
3. Kva varemerke vart lansert i 1957 og har sidan det vore Noregs mest populære peanøtter?
4. Kva heiter nøttene som opphavleg er frå Australia, som har eit veldig hardt skal og ei rund, kvit eller gulkvit nøttekjerne?
5. I kva land blir så godt som alle pekannøtter dyrka?

Svar: 1. Valnøtter 2. Hasselnøtter 3. Polly 4. Macadamianøtter 5. USA

Land i Afrika

1. Kva to land i Afrika har namn på fire bokstavar?
2. Kva land kjem fotballspelaren Sadio Mané frå?
3. I kva land ligg byen Lagos?
4. I kva øystat er Praia hovudstad?
5. Kva land vart Eritrea sjølvstendig frå i 1993?

Svar: 1. Mali og Togo 2. Senegal 3. Nigeria 4. Kapp Verde 5. Etiopia

Musikkelver

1. Kva artist ga ut albumet The River i 1980?
2. Fullfør tittelen på dette musikkstykket av Johannes Strauss: «An der schönen, blauen …»
3. Kva irsk artist ga ut songen «Orinoco Flow»?
4. Kva gruppe hadde hiten «By the Rivers of Babylon»?
5. Kva artist hadde ein hit med songen «Cry me a River» i 2002?

Svar: 1. Bruce Springsteen 2. Donau 3. Enya 4. Boney M 5. Justin Timberlake

Marius og Markus/Marcus

1. Kva type klesplagg har fått namnet sitt etter alpinisten Marius Eriksen?
2. I kva idrett er Marius Lindvik ein leiande utøvar?
3. Av dei fire evangelia i Bibelen, kva nummer i rekkja er Markusevangeliet?
4. Kva heitte mannen som grunnla ei arbeidarforeining i Drammen i 1848 og vart vidare utover 1800-talet ein viktig figur for arbeidarrørsla?
5. Kven var romersk keisar fr 161 til 180?

Svar: 1. Genser (mariusgenser) 2. Skihopp 3. Nummer to 4. Marcus Thrane 5. Marcus Aurelius

Raudt

1. Kva er Red Delicious?
2. Kva fisk heiter Pleuronectes platessa på latin?
3. Kva er «Rød Oktober» i romanen og filmen Jakten på Rød Oktober (The Hunt for Red October)?
4. Kva artistnamn brukar Marie Ulven Ringheim?
5. I kva by ligg Den raude plass?

Svar: 1. Ein eplesort 2. Raudspette 3. Ein ubåt 4. Girl in Red 5. Moskva

Prisar og kåringar

1. Kva magasin kårar Person of the Year, tidlegare Man of the Year?
2. Språkrådet kårar kvart år Årets ord. I fjor var det «koronaen». Kva ord, som hadde samanheng med ei tragisk hending det året, vart årets ord i 2011?
3. Kva heiter prisen som blir gitt til dei beste norske reklamefilmane kvart år?
4. Kva er det norske namnet på prisen Ballon d’Or?
5. Kva forkorting på fem bokstavar blir brukt om den mest prestisjefulle britiske TV- og filmprisen?

Svar: 1. Time Magazine 2. Rosetog 3. Gullfisken 4. Gullballen 5. BAFTA

For dei minste

1. Kva vekedag er første påskedag?
2. Kva jobb har Joe Biden?
3. Kva gjer ein kelner?
4. Kva er ein tjeld?
5. I kva land ligg byen Napoli?

Svar: 1. Søndag 2. President i USA 3. Serverer (mat og drikke) 4. Fugl 5. Italia