Påskepodkast: Kven er du?

Påskedag er dagen som markerer at livet sigrar over døden. På merkeleg vis skjedde dette for Katrine og familien for snart 50 år sidan

Ei ferje som ikkje snudde då dei kom sekunder for seint, gjorde at dei ikkje nådde flyet frå Vigra til Oslo lillejulafta i 1972.
Kultur

Dei hadde slept juleribber og julepynta hus i all hast og funne ledige seter på eit fly til Oslo. Der skulle dei ta tog til Halden, og skunde seg til sjukehuset der for å sjå Katrine si mor, som hadde fått hjarteinfarkt. Katrine, Olav, Ellen (5) og Kari (2) sat att på ferjeleiet og var ganske stressa. Ved framkomst til Vigra fekk dei vite at dei var for seine, flyet var letta.

Få minutt etter blei Olav ropt opp over anlegget, og kalla til skranken. Han kom tilbake heilt fargelaus og bleik. Flyet hadde styrta. 41 personar omkom, derav mange barn og gravide kvinner, heile familiar som skulle på juleferie til sine. Og på Vigra sat familien Sølvberg i levande live.

Høyr podkasten her:



Aldri før eller seinare har dei vore for seine til ei ferje. Olav er alltid presis og vil vere ute i god tid, fortel Katrine.

Dei nådde akkurat å ta farvel med Katrine si mor. Den dag i dag er det mange i Halden som kjenner dei som Måløy-familien som overlevde flyulykka i 1972. Katrine kjenner på stor takknemlegheit.

Katrine blei med Olav heim til Måløy i 1969, for å prøve å bu her 1 år. Sidan har ho ikkje sett seg tilbake. Ho treivst i Måløy frå fyrste stund, og er glad i folket og naturen.

«Påskemorgon slukker sorgen» blir sungen av podkastvert Sølvi ved det knirkande pianoet i stova. Olav ville også høyre.

Podkastvert er Sølvi Hopland Aemmer og redigering er gjort av Bjarne Eldevik.


Påskepodkast: «Kven er du?»

Andrej kom til Måløy i 2013. I dag snakkar han nordfjorddialekt, kjenner seg integrert og glad og er sjef i eit lokalt byggfirma

Det var ingen som vifta med palmegreiner då Andrej Brosdeano kom til Norge.



Påskepodkast: Kven er du?

– Vi får høyre kva som driv Geir, kva han kjempar for, og kva han håpar å bli hugsa for

Skjærtorsdag, ein dag kjend for svik. Venner som ikkje vågar å stå opp for sin venn og for det dei kjenner er rett.



Påskepodkast: Kven er du?

For Eva er ikkje langfredag berre ein fredag, men ein merkedag som kan romme alle hennar prosessar og kampar

Eva Stavseth Langseth er den høgreiste prestefrua med trønderdialekt, fargerike klede, nasedobb og sans for det ekte og ærlege.



Påskepodkast: Kven er du?

Carina Emilie visste ikkje at ho hadde Asperger syndrom før ho var 16 år. Då fall mange bitar på plass

Påskeafta er ein dag med usikkerhet og uvisshet. Carina Emilie Hammersvik, 26, kjende seg annleis, og var usikker og utrygg. Ho visste ikkje at ho hadde Asperger syndrom før ho var 16 år.