Kraftselskapa står klare til å ta mot søknader om midlar til lag og organisasjonar

Som ein gåve tilbake til lokalsamfunna held Kvalheim Kraft og Guleslettene Vindkraft fram med å dele ut tilskot til frivillige lag og organisasjonar. No er tida inne for å søke igjen.

Bildet er tatt frå Kvalheim Kraft si utdeling i fjor der mellom anna Skavøypoll Turn fekk tilskot. No er tida inne for å søke igjen.  Foto: Gjert Myrestrand

Kultur

Frivillige lag og organisasjonar kan her søke om tilskot. Kvalheim Kraft er berre for Måløy-regionen, og Guleslettene Vindkraft er berre for Florø-regionen.


Kraftselskapet delte ut penger til det lokale kulturlivet

Flere lokale lag og foreninger fikk torsdag ettermiddag utdelt gavesjekker fra Kvalheim Kraft. Utdelingen fra kraftselskapet har blitt en årlig tradisjon.


Men felles for begge tilskotsordningane er at tilskotet ikkje skal gå til dagleg drift av lag eller organisasjon, men vere eit bidrag til større prosjekt som frivillige lag og organisasjonar ønsker å gjennomføre.

- Prosjekta skal fremje friluftsliv, fritidsaktivitetar og kulturtilbodet i kommunen, skriv Kinn kommune.

Søknadsfristen er 30. april og skjema for å søke finn ein på kommunen sine heimesider.