No kjem den populære familieframsyninga snart til to lokale teaterscener

Etter eit lite turneopphald legg Teater Vestland endeleg ut på vegen att med «Raudhette og ulven», og snart skal dei besøke både Bremanger og Måløy.

Den 28. april kjem framsyninga «Raudhette og ulven» til Bremanger og 29. april er det Nordfjordhallen i Måløy som får besøk. 

Kultur

– Oppmjukinga av smittevernreglane gjer at vi trygt kan reise ut att på vegen, og vi gler oss enormt til å vise familieframsyninga om «Raudhette og ulven» for endå fleire, seier teatersjef i Teater Vestland, Cecilie Grydeland Lundsholt.