Her har Benas fått si eiga separatutstilling: – Håper mange kjem og hentar energi

Dei fargerike bilda til Benas Gedvilas (27) frå Hjelmelandsdalen vekker oppsikt på den nyopna kunstutstillinga i Kulturhuset Gamlebanken.

Benas Gedvilas frå Hjelmelandsdalen opnar separatutstilling i Kulturhuset Gamlebanken. Varaordførar Siri Sandvik kom og opna utstillinga og gjorde koronahelsing til kunstnaren etter å ha overrekt blomar.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Det er fargerike bilde. Dei gjev stort rom for fantasi og kva vi kan tolke inn i dei, sa varaordførar Siri Sandvik, som opna separatutstillinga til Benas Gedvilas på Nordfjordeid laurdag.