Her kan du sjå opptak frå laurdagens UKM i Bremanger

Årets UKM i Bremanger er no over. Det var tolv sceneinnslag, Rocket League-konkurranse og fleire kunstverk på programmet.

Sendinga startar 16.30 og blir produsert av VidSyn Media i Florø. Sjølve arrangementet startar 17.00.

Kultur

– Det er forbode å klemme, men du må smile til alle du ser, sa prosjektansvarleg for UKM Bremanger, Trond Strand til Fjordenes Tidende.

På grunn av pandemien var arrangementet av naturlege årsaker ikkje slik ein er vand med å sjå det. Det var ikkje lov med publikum, utanom dei i overkant femti borna og ungdomane som var på staden.

– Så litt publikum blir det. Men vi er flinke til å halde avstand og spritar oss godt, sa Strand.

Når Fjordenes Tidende prata med han laurdag ettermiddag var arrangementet inne i den første delen av programmet, nemleg dataspel.

– Akkurat no er det god stemning med fire lag igjen i Rocket League-turneringa. Vi skulle eigentleg sende den direkte, men vi hadde nokre tekniske problem, forklarar han.

Produksjonen er det Vidsyn Media i Florø som står for.