Bli med Gunnar på norgesferie i pandemitid

Ingen har reist meir rundt i verda enn Gunnar Garfors. Men pandemien sette ein stoggar for ein tredje runde. I staden tok sunnfjordingen seg ein skikkeleg rundtur i heimlandet. No har han skrive nok om opplevingane. Men har snakka med han om boka, og Noregsferien.

Gunnar Garfors har reist verda rundt, men i pandemitid har han lagt Noreg for sine føter. No er han aktuell med boka Bortom allfarveg som presenterer over 80 meir eller mindre kjente reisemål i Noreg.   Foto: Gunnar Garfors

Kultur

Gunnar Garfors har besøkt alle landa i verda minimum to gonger. Då koronapandemien trefte skulle han endå ein gong ut i verda – nedstenging og unntakstilstand endra planane brått og Garfors enda opp med å besøkje reisemål utanfor allfarveg her heime.