Også bygdelaget fekk pengar

Får 150.000 kroner i gåve uansett om det blir festival eller ikkje. Og det svaret får dei ikkje før i midten av mai

Strandfestivalen ventar på ei avklaring i midten av mai. Men 150.000 kroner frå Ildsjelfondet ved Sparebanken Vest går til festivalen uansett.

Pengegåve: Sparebanken Vest tildeler Strandfestivalen Refvik pengar frå Ildsjelfondet. Her er banksjef Wenche Myhre (t.h.) etter gåveoverrekkinga til styreleiar Kent Rune Bugjerde (f.v.) og nestleiar Eva Marie Pleym i Strandfestivalen. Inger Horn og Tonje Lillesalt frå banken var også tilstades.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Dette gjev oss tryggleik, seier styreleiar Kent Rune Bugjerde i Strandfestivalen Refvik, som takka, då Sparebanken Vest kom på besøk til festivalbygda fredag med 150.000 kroner frå Ildsjelfondet.