Overraska med 105.000 kroner

Då festivalen fekk gåver frå to fond, vart summen sekssifra

– Dette er heilt utruleg. Eg blir rørt til tårer, seier Anita Bjerkås Olsen, som saman med Jakob Myrestrand kunne ta imot 105.000 kroner til Elvisfestivalen.

Tildeling: Banksjef Wenche Myhre (t.v.) kom med pengar til Elvisfestivalen, og gåva vart motteken av Anita Bjerkås Olsen og Jakob Myrestrand.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Elvisfestivalen hadde søkt om pengar både hos Ildsjelfondet og Koronafondet ved Sparebanken Vest, og då begge kom med positivt svar kunne banksjef Wenche Myhre overraske med 105.000 kroner fredag.

– De er to eldsjeler som verkeleg har jobba for Elvisfestivalen, sa banksjef Wenche Myhre til Anita Bjerkås Olsen og Jakob Myrestrand ved overrekkinga.

Anita jobbar med logistikk, mens Jakob er forretningsførar.

– Vi er veldig audmjuke og takknemlege, sa dei på vegner av festivalen.

Anita Bjerkås Olsen sender ei takk også til Helge Hjelle, som ho seier skal få ei stjerne i taket og litt til.

Bjerkås Olsen kryssar fingrane for at det blir ny festival 12.-14. august i år.

– Vi jobbar som om festivalen skal haldast. Alle artistar og alt er spenn klart, seier ho.

Elvisfestivalen 2021 legg til og med opp til noko ekstra som ei overrasking. Dette er fordi det ikkje vart festival i fjor.

Men ein vil uansett måtte vente og sjå kva tiltak som kjem og som vert gjeldande i høve pandemien.

– Vi vert nøydde til å ta ei avgjerd om festivalen ei tid før, seier Jakob Myrestrand.

No jobbar festivalen mellom anna med sponsorar og presentasjon av dei, og ein kjem med presentasjon av artistane ein etter ein. Songlista til kyrkjekonserten er klar.

Anita Bjerkås Olsen seier at folk er veldig velvillige når det gjeld å bli med på dugnad, og at festivalen set stor pris på det.