Benas vende heim med kunstutdanning i bagasjen – no imponerer han bygdefolket med eiga utstilling

Benas Gedvilas (27) går inn i seg sjølv når han målar store bilde med sterke fargar. No vekker han oppsikt på separatutstillinga han har i Kulturhuset Gamlebanken.

Vart kunstnar: Benas Gedvilas har drive med bilde heilt sidan han var tre år og dei har ført han gjennom kunstakademiet og i dag til utstillinga i Kulturhuset Gamlebanken. Dette er frå dagen då separatutstillinga til den unge kunstnaren opna på Nordfjordeid.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Benas Gedvilas er tilbake i Hjelmelandsdalen etter å ha studert kunst i Litauen. No målar han på fritida, ser seg rundt etter kor han skal ta mastergraden, og har renovasjonsjobb i Nomil.