Vil feire at sommaren har kome med svingande musikk på Torget

Laurdag 5. juni riggar Torskangerpoll musikklag seg til med god avstand på Torget i Måløy for å underhalde i sommarsola.

Det kriblar i musikantkropper når dei ikkje får spele, og for Torskangerpoll musikklag blei behovet i fjor så stort at dei lagde til ein spontan konsert på torget i Måløy i juni. No gjer dei det same igjen i år, og gler seg til å skape litt musikkglede for folk.   Foto: Svanhild Breidalen

Kultur

– Vi starta opp med øvingar igjen i mai etter ein vinter der vi ikkje har hatt øvingar eller konsertar som følgje av smittefaren. Det er veldig kjekt å komme i gang igjen med musikk sjølv om vi må halde god avstand og følgje smittereglar. No gler vi oss til å spele for publikum, seier leiar for Torskangerpoll Musikklag, Johan Wåge.