Ferietips i Norges vakraste region

Bygda omfamnar industrihistoria

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Kultur

I Svelgen, kommunesenteret i Bremanger, ligg hjørnesteinsverksemda Elkem Bremanger. Sjølv om industrien ikkje tar like stor plass som den gjorde i tidlegare år, er det førekomsten av rikeleg med regn, snømassane i dei høge fjella og fossande vatn som er grunnlaget for all verksemda Elkem Bremanger representerer i dag. Og lokalt har dei valt å omfamne røtene, og gjere industri om til kunst. I sentrum kan du sjå eit gamalt, raudt skovlhjul frå 1922, utstilt som kunst, og på kveldstid er smelteverket opplyst med lyskunst på dei store flatene. I bygda ligg også Bremanger Fjordhotell.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.