Ferietips i Norges vakraste region

Gå tur i eit historisk område

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Kirsten Grotle

Kultur

Dette er turen der du føler at du nærmar deg Hornelen. Du går mot eit historisk område, Vingen. Noko som i si tid førte til at stien som vart laga heilt fram til Vingen måtte stoppe her, då vi fekk ferdselsforbud i området.

Denne turen går du frå Sande, på godt merka og bratt T-sti opp til Keipen Turlag si dagsturhytte via Martinbu under Sandsegga.

Her kan du ta fleire val, men om du følgjer du T–merkinga kjem du til Vingelvsætra. Fleire stideler gir høve til å gå mot Dyrstad (blåmerka sti), du kan ta turen til Hennøysætra eller over høgda og ned til Hennøystranda. Denne er eigna som familietur for dei som greier 500 meter stigning.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.