Ole-Mathias var sjølv i garden: – Det krev mykje fysisk trening og terping før ein kan gå skarpe oppdrag som dette

Ole-Mathias Nes, som hadde planlagt programmet til H.M. Kongens Garde under besøket på Nordfjordeid, var sjølv i musikktroppen og spelte tuba.

Skarpe oppdrag: Det krev mykje trening og terping for å gå drilloppvising, seier Ole-Mathias Nes frå Nordfjordeid, som sjølv har vore gardist. Han var lokal kontakt for besøket til Hans Majestet Kongens Garde.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

– Eg ser at det er godt trente vernepliktige. Det å gå i desse drilloppvisingane er ei fysisk anstrenging, seier Ole-Mathias Nes, etter å ha vore med ved Hans Majestet Kongens Garde sitt besøk på Nordfjordeid måndag.