Ferietips i Norges vakraste region

Et nistepakka di i det lune tunet ved fyret

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Privat

Kultur

Skongenes fyr er eit av fire fyr i Måløy-området av Kinn kommune. Det ligg nordvendt med Stadhavet som nærmaste nabo. Her kan ein i år leige heile fyrstasjonen som ei eining, og ein kan ta med seg familien og venner å få nokre dagar heilt for seg sjølv i havgapet.

Stien startar ved Halsør og går i relativt lett terreng utover mot fyret, turen tar ca. 1,5 time kvar veg.

Når ein kjem fram kan ein nytte det lune tunet for å ete nistepakka si eller ein kan nytte tida til å utforske fyrstasjonen. Det er også leikar til borna i eit av uthusa som kan nyttast medan ein er på fyret.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.