Ferietips i Norges vakraste region

Ta turen frå dalen og opp til toppen på 769 moh.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Kristian Berentzen

Kultur

I følgje Flora Turlag er turen Grytadalen - Klauvekeipen verdt å prøve. Klauvekeipen ligg 769 moh.

Vil du ta turen, startar du med å køyre opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på fv. 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på vestre side. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser stien til Klauvekeipen. Det er eit tråkk som er skilta og varda på austsida av Dyrelifjellet 667 moh.

Ruta er varda opp mot Dyrliskardet og over slik at ein ikkje taper for mykje høgde. Gå langs sida bortover til du treffer løypa som kjem opp bekkefaret frå bilvegen og mot Klauvekeipen. Skilt langs ruta viser retning.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.