I femti år har Liv (80) drøymt om å halde utegudsteneste ved gamlenaustet. No blir draumen realitet

Det gamle naustet i idylliske Osmundsvåg var forfalle og blitt til eit lager. Men med gode hjelparar har Liv Hopland restaurert det, og søndag går ein 50 år gamal draum i oppfylling for 80-åringen når ho arrangerer utegudsteneste ved gamlenaustet.

Liv utanfor nauset. Ho gler seg veldig til søndag og utegudsteneste på den idylliske plassen.  Foto: Privat

Kultur

– Det er fantastisk å sjå naustet slik det er no. Det er så flott! Jaja, flott er det kanskje ikkje for alle, fordi det er ikkje alt som er nytt på det. Kulturminnefondet meinte vi skulle bevare det gamle mest mogeleg. Målinga som no er på måtte også godkjennast av dei, seier Liv Hopland (80) frå Osmundsvåg i Kinn kommune.