Hedda (10) og Ida (8) fekk både ri og hjelpe til med hestane under barnefestivalen

– Eg har hatt høy opp i ein pose og vegd det. Det var to kilo med høy, og det skal bli mat til hestane, seier Ida (8), som besøkte Norsk Fjordhestsenter under barnefestivalen på Nordfjordeid laurdag.

Barnefestival: Ved Norsk Fjordhestsenter fekk Ida (8) (t.v.) og Hedda (10) vere med å gjere klar mat til hestane før dei skulle ut og ri.  Foto: Siri Kolseth

Kultur

Ida og søstera Hedda (10) var nokre av mange barn som var med i stallen og hjelpte til med å gjere klar høy til hestane, noko som var ein aktivitet på Barnefestival 2021.