Tor Erik gjekk på jakt utan lykkehua, men skaut ein fin kveldsbukk likevel

I over 20 år måtte Tor Erik Liset ha på seg ei heilt spesiell, lykkebringande hue når han gjekk på jakt. No er det ikkje lenger viktig om han skyt eit dyr når han jaktar. Det er andre ting som er mykje viktigare.

For Tor Erik er jakt også det sosiale. Her frå jakt i helga saman med Jonas Nilsen (f.v) og Espen Frøyen.  Foto: Kjell Magne Ødegård

Kultur

Ole Gunnar Solskjær var kjend for alltid å måtte ha Elvis Presley på øyret under oppvarming før kamp, medan Kjetil Rekdal var nøydd å ta på seg fotballdrakta på ein spesiell måte. Tor Erik Liset frå Berle har ikkje lenger noko overtruisk ritual før han går på jakt, men han hadde i fleire år ei hue som han var overbevist om var lykkebringande.